Brevet fra Sem Sæland

I 1899 sender Sem Sæland et brev hjem til sin bror. Han er en av tre forskere som overvintret på Talviktoppen dette året. I brevet får du et lite innblikk i hvordan livet på toppen kunne være.

Av: Håkon Kristian Haldorsen

Ukjent 6 eller 8/12-1899
Talviktoppen

Kjære broren min!

Eg skriv til deg idag att (igjen), då eg trur du gjerne høyrer frå meg og Finnmarksfjelli. Igår kom eg her til Talviktoppen, der eg skal bu for resten av vinteren. Eg hadde med meg fela mi, og idag hev eg spela på ho så eg mest trur eg kan leva litt her uppe. Det vert vel ‘kje so snart at fjelltrolli fær høyre felelåt att, når eg er reist heim att.

Nei men du kan tru fjelli er vene (vakre) no! Skinande kvite kor du ser (hvor enn du ser) og med blå himmel så høg og rein att eg veit ‘kje kvad eg skal segja eller gjera (jeg vet ikke hva jeg skal si eller gjøre) når eg ser alt dette. Soli se me ‘kje meir i år (sola ser vi ikke mer i år), men i syd ned med *hinnaleite(”den fjerne bakken” eller ”den fjerne horisonten?) gløder det som eld um dagane der ho gjeng attum fjelli (gløder ho som ild om dagene der ho er/går bakom fjellene). Eg gjeng på ski kvar dag når ikkje er fælt stygt vær, og skibakker kan du nok tenke (deg) det er nok av. Brennande godt føre har vi også, så det går som en vind ned bakkane. I dag var eg ute frå kl10 til 1 1/2 på ski og gjekk ein god tur. Då eg kom att var eg svolten som ein skrub.

Nordljos (Nordlys) kan me sjå mest kvar kveld (kan vi se nesten hver kveld), om det er høveleg veder, og vente endel og veit du.

Ja, no fær eg fortelja deg litt um huset mit. Det er meg som rår på toppen, ser du (det er jeg som råder på toppen). Og her skal eg vera heile vinteren i lag med snart ein, og snart ein annan av *felsgarne mine. (”Og her skal jeg være hele vinteren sammen med snart den ene, og snart den andre av mine kamerater). Her ser du ein teikning av huset som det ser ut utanifrå. Det er kvit av snø.

Du gjeng inn døri og så skal eg syna deg kor alt stend (du går inn døra og så skal jeg vise deg hvor alt står).

1.. Trop (trapp) upp på taket av tårnet der eg stend(står) um kveldane og ser på nordljo-
set(nordlyset). Ovanum (over) troppi er luka.
2.. Rommet mellom troppi og veggeninn til stova der er fylt med ved og der har eg alltid
ein sekk med kol(kull) og skia(skiene) mine.
3. Ei tri-etages hylle der eg hev proviant og annet smått skrap.
4. Døri inn til stova
5. Vindauge
6. Bord
7. Hylle til koppar og kjøkenkjerald (kjøkkenredskaper)
8. Kjøkkenbenk
9. Eit lite lågt (lavt) bord. Som kjøkkenmaskinene stend på
10. Sofa
11. Skap til mat og instrumenter
12. Omn (ovn)
13. Sengene, tre i høyden, eg ligg øvst(øverst) og hev fela mi hengande på veggen der
du ser spikeren
14. Bokhylle og skap til klær. Lågare (lavere) ned på veggen heng ytterkledorne
15. Kjellarluke
16. Telefon til Sukkertoppen

17. 18. 19. Stoler

I kjelleren er der berre instrumenter. Her hev eg så heile stasen. Stova er umlag 8 alen lang og 5 alen brei, og med sengeveggane att (lukket igjen) 6 alen høg med dei andre veggene berre 5 1/2 alen høge.

Og så litt om kvardagslivet. Eg stend opp kl. 7, kveikjer (tenner) opp i omnen og kokar graut og varmar vatn til morgonmaten som me et kl. 8:30 omlag. Så er det ein skitur på omlag 1 time, om været er så godt at me kan gå ut, og seinare gjeng me til arbeidet med instrumentane våre, til me skal lage middag kl. 1-2 og kveldsmat kl. 8. Og så skal ein av oss ha vakt i tårnet til kl. 12. Så me kan leggje oss.

Men du skal få høyre meir om dette seinare. No veit du kor eg bur.

Din

Sem

Brevet er oversatt av Håkon Haldorsen i samarbeid med Johanne Låstad.

Vi bruker informasjonskapsler

Vi forstår hvor viktig personvern er for deg, og derfor samler vi kun inn opplysninger som er nødvendige for å tilby en funksjonell og brukervennlig nettside.

Ved å fortsette å bruke nettsiden samtykker du til innhenting av informasjonskapsler (cookies).